Etne IL

Tennis

Tennis

Etne Tennisklubb vart starta i 1989. Skipningsmøte vart holdt 1.mars og Sissel Askvig vart valgd som første formann. Resten av styret bestod av: Christian Becker, Turid Becker, John Grønstad og Kari Handeland. Varamedlemmer var Ståle Løyning og Olav Viskjer.

Mange av klubbens medlemmer hadde lenge spelt tennis i Etne. Banane som vart brukt var ikkje av den beste kvaliteten, men det stoppa ingen. Treninga gjekk føre seg på Enge skule, Grønstad skule og i gymsalen på Enge.

Det vart tidlig klart at tennisgruppa trengde nye banar, og dette vart første prioritet i klubben. Etter stor dugnadsinnsats frå styre og medlemmer stod 2 flotte banar klare til bruk på høsten 1992. Banane har eit ope asfaltdekke som gjer god drenering.

Tennisgruppa var aktiv dei neste åra. Fleire turneringar blei arrangert i Etne, blant desse kretsmesterskap for Hordaland. Spelerar og reiselederar deltok på mange turneringer og kunne visa til gode resultater, me vann både turneringar på Karmøy og kretsmesterskap. Me deltok også på treningsleirar på Stord og Voss, samt mange turar til Bergen. Då for det meste på Sandsli, Bergen Racketsenter og Paradis Tennissenter

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift