Ekstraordinært Årsmøte

MERK NY DATO (20 august)

Stad: Litlesalen på Skakke.

Det vert årsmøtet for å behandle saken:

Sak 1: Avgjere om EIL skal være med å etablere nytt ideelt selskap for å kunne kjøpe ut idrettshallen. (Sakspapir utover innføringa her kjem i forkant av møtet) 

  • Sparebankstiftinga Etne har vert i kontakt med styremedlem i Etne IL med eit forslag om å starte eit nytt AS som skal eige idrettshallen.
  • EIL skal eige omlag 40% av dette - Som igjen betyr at ein anna spelemiddelberettiga aktør må eige 10,1% for å komme over 50,1% eigarskap med spelemiddelberretiga eigarar. I forslaget er denne eigaren karateklubben
  • Dei resterande 49,9% skal eigas av nåverande aktørar i Skakke SA som ikkje er private eller kommunale. (UL Fram, Etne Musikklag mm.)
  • Gjeldande vedtak i Skakke SA (Som ein må gjere om på): 

«Styret i Skakke SA skal innlede forhandlinger om salg av idrettshallen til Etne kommune. Styret kan inngå slik avtale, forutsatt at det tas forbehold om godkjenning fra årsmøtet i Skakke SA.

Etne kommune skal dekke Skakke SA sine forfalte avdrag og renter til Kommunalbanken, mot at Etne kommune får et tilsvarende krav mot Skakke SA. Til gjengjeld skal det ikke inngås avtale om salg av idrettshallen til andre så lenge styret i Skakke SA er i forhandlinger med Etne kommune om et slikt salg.»

  • Gjeldande vedtak i Kommunestyret (Som ein potensielt må gjere om på):

Etne kommune vel å gå for alternativ 3, som inneber at kommunen overtek lånet til Skakke SA og trer ut som eigar i selskapet. Kommunedirektøren får fullmakt til å forhandle fram og inngå: 1. ny seksjoneringsavtale, og 2. ny sameigeavtale, som sikrar vidare drift og bruk av bygget, og som ivaretek Etne kommune sine interesser.

Etne kommune ser at anlegget som blir nytta til klatring ikkje treng væra ein del av den utsekjonerte delen dersom det er eit ynskje for Skakke SA å framleis ha han i si eiga. Etne kommune vil i samarbeid  med Skakke SA utarbeida ein samarbeidsavtale om bruken av idrettshallen ved arrangement,bruk av veggplass til reklameinntekter for Skakke SA,reinhaldstenester mm.

Kommunedirektøren skal framleggja forslag til sambruk med EIL og Skakke SA så snart dette er avklara.

Sak 2: Valg av ny styreleiar (Dersom det er komne kandidatar).

  • OBS: Mest sansynlig ingen inkomne kandidatar.

Ellers ordinære saker som val av møteleiar, referent og protokollsignatur.

Klikk her for å sjå vedlegg til saka

PS: Viktig at medlem som kan og vil møter