Me tilbyr eit variert turntilbod fra 3-100år, med leik og grunnleggande turn for dei yngste, parkour for dei som ynskjer å utfordra seg sjølve, trampett og tumbling både barn og vaksne som som likar fart og høgde, dans for barn og vaksne, og zumba for dei som ynskjer å svette litt ekstra!
Kvart år arrangerer me det spektakulære Juleshowet, som viser fram turnglede og talent frå utøvarane våre.
Treningane våre finn stad i Skakkehallen, der me har gode fasilitetar for trygg og allsidig trening.Frivillige er hjørnesteinen i arbeidet vårt, og saman skaper me eit miljø der meistring, fellesskap og idrettsglede står i fokus.