Etne Idrettslag (EIL), etablert i 1930, er den største frivillige organisasjonen i Etne. I snart eit hundreår har me vore ein sentral del av lokalsamfunnet, med ein visjon om å få "flest mogleg lengst mogleg" med på idrett og aktivitet.
EIL tilbyr eit breitt spekter av idrettsgreiner: fotball, turn, tennis, klatring, friidrett, innebandy og handball. Me er opne for alle aldersgrupper og tilpassar gjerne tilbodet vårt for å nå fleire og inkludere ulike målgrupper i Etne og omegn.
Kvart år legg me ned utallige timar med dugnadsarbeid for å arrangere store hendingar som Etne Cup, eit av dei største idrettsarrangementa på Haugalandet, samt Turnstevne og Turnshow. Denne innsatsen frå frivillige er hjørnesteinen i arbeidet vårt, og utan den ville ikkje EIL kunna tilby det omfattande aktivitetstilbodet som me har i dag.
Me har flotte anlegg som inkluderer eigen fotballbane, tilgang til to andre fotballbanar, ei løpebane og Skakkehallen. På vinterstid køyrer me skiløyper i Etnefjellet for å gje innbyggjarane tilgang til aktivitet i naturskjønne omgjevnader.
Framtida vår er prega av ambisjonar. Me jobbar kontinuerleg for å utvide tilbodet og vidareutvikle anlegga våre, slik at me kan skape enda betre moglegheiter for aktivitet og idrettsglede for alle.
Velkomen til Etne Idrettslag – eit fellesskap bygd på dugnad, engasjement og ekte idrettsglede!
#HeiaEtne