Ekstraordinært Årsmøte

Ekstraordinært årsmøte 9. desember: anleggsplan og kontrollutval

Etne Idrettslag kallar inn til ekstraordinært årsmøte onsdag 9. desember kl. 18.00 i klubblokalet.

Hovudsaka er anleggsplanen for området rundt Skakke. Anleggsgruppa har sidan hausten 2025 samla innspel frå medlemmar, lag og andre og laga eit samla forslag til utviklingsplan med prioriterte anlegg fram mot 2035. Styret handsama planen 16. november og rår årsmøtet til å vedta prioriteringa for første fase (2027–2029). Det er ei prioritering, ikkje eit vedtak om å setje i gang bygging. Kvart anlegg skal leggjast fram til eige vedtak med finansieringsplan og driftsplan før oppstart.

I tillegg skal årsmøtet handsame val av kontrollutval. Dette var ikkje på plass ved ordinært årsmøte.

Sakliste

  1. Godkjenning av stemmeberettiga medlemmer
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste
  3. Val av ordstyrar, referent og to medlemmer til å signere protokollen
  4. Vedtak av anleggsplan for Etne IL
  5. Val av kontrollutval

Saksdokument
Rapporten frå anleggsgruppa og presentasjonen av anleggsplanen finn du her: Anleggsplan for Etne IL

Berre sakene på saklista kan handsamast på møtet.

Vel møtt!

Styret i Etne Idrettslag

‍