Tilbod om skadeførebyggjande trening

Tilbod om skadeførebyggjande trening

Etne Idrettslag tilbyr no skadeførebyggjande trening i samarbeid med Havreberg Coaching. Tilbodet er retta mot barn og unge og har som mål å førebygge skadar, bygge god basistrening og leggje til rette for trygg utvikling i idretten.

  • Skadeførebyggjande trening blir tilbydd frå det året utøvarane fyller 11 år.
  • Styrketrening blir tilbydd frå det året utøvarane fyller 13 år.

Treningane blir gjennomførte:

  • i Skakkehallen (halltrening), der gruppene normalt vil bestå av rundt 15 deltakarar
  • i styrkeromma hos Havreberg Coaching, der gruppestorleiken vil vere mindre, vanlegvis 8–12 deltakarar per gruppe, for å sikre god oppfølging

Kor mange grupper som blir sett opp, vil avhenge av interesse og påmelding frå dei ulike laga.

Lag som ønskjer å nytte seg av tilbodet, kan ta direkte kontakt med Havreberg Coaching via trenar eller lagleiar for vidare dialog og planlegging. Dersom det er lag som ønsker å benytte seg at fleire sesjonar, så ta kontakt med nokon i styret.