Den 20. august heldt Etne IL ekstraordinært årsmøte.
Me hadde eit godt oppmøte på 40 stemmeføre og rundt 10 tilhøyrarar.
Styret i idrettslaget opplevde møtet som konstruktivt og positivt, der dialogen og diskusjonen gjekk bra. Me vil takka alle frammøtte og legg ved vedtaket i saka om Ideelt AS i Skakkesaka (opplyst om i innkallinga til årsmøtet).
«Årsmøtet vedtek å utsetje handsaminga av Sak 1 – «EIL si deltaking i etablering av nytt ideelt selskap for å kjøpe ut idrettshallen» – til eit seinare ekstraordinært årsmøte eller ordinært årsmøte (dato vert fastsett av styret etter ein BFU foreligger). Grunngjevinga for utsetjinga er behovet for grundigare vurdering og informasjon før endeleg vedtak.
Styret får i oppgåve å utgreie saka nærmare»
Styret vil òg adressere noko av kritikken som kom til styret om utarbeidinga av saka og at det var lite «kjøt på beinet».
Årsaka til dette blei tydeleg lagt fram av styreleiar på møtet, men kan gjentakast her.
Mykje av informasjonen som har vore nødvendig for å utgreie alternativet, har vore underlagd NDA/tausheitserklæringar frå Sparebankstiftinga.
Ein har diskutert og meiner ulikt om dei etiske og prinsipielle sidene ved dette, men dei praktiske og faktiske konsekvensane er uomtviste: Saker blir dårlegare belyste når informasjon berre er tilgjengeleg på så kort tidshorisont før møtet. Det er grunnen til at saka var «tynn».
Styret i Etne IL.