Anbefalingar for cup og økonomisk støtte

Anbefalingar for cup og økonomisk støtte

Retningslinjer for dekning av utgifter til A-/B-kort på fotballcuper for ungdomslaga (13 til 19 år)

Føresetnader:

  1. Deltaking på dugnader og banerydding
    For å vere kvalifisert for økonomisk støtte, må laga delta på dugnader arrangert av Etne Cup og bidra til rydding av bana ved behov.
  2. Økonomisk støttegrense
    Eit tak på maksimalt 200 000 kroner er føreslått for dekking av utgifter til cuper for alle laga. Dersom den samla summen av utgifter overstig 200 000 kroner, vil berre delar av utgiftene bli dekte. Det vil likevel bli streva etter å dekke ein vesentleg del av kostnadene for alle laga.
  3. Retningslinjer frå Fotballstyret:
    Laga må følgje anbefalingane for deltaking på cuper gitt av Fotballstyret i Etne IL, som er å finne på etneil.no under fotball.
  4. Begrensing på antall cuper:
    Kvart lag får dekka utgifter til éin cup per kalenderår.
  5. Påmelding:
    Deltaking i cuper må meldast inn til styret seinast 1. april kvart år. Lag som ikkje held denne fristen, kan ikkje forvente økonomisk støtte.
    Laga må melde interesse for økonomisk støtte til styret. Søknaden bør innehalde detaljar om kva cup laget ønskjer å delta i, samt ei oversikt over forventa utgifter.
  6. Krav til rapportering:
    Laga må levere ei kort evaluering etter cupen, som inneheld ei stadfesting på bruk av midlar og ei kort oppsummering av cupen med informasjon om kor mange spelarar som deltok, samt ein rapport om både sportsleg og sosial gjennomføring.

Desse retningslinjene er meint å sikre rettferdig og ansvarleg bruk av midlar for deltaking på cuper for ungdomslaga i Etne IL.

Me bør også oppmuntre ungdommane til å vere bevisste på korleis dei representerer Etne idrettslag og sponsorane våre, både gjennom åtferd og språkbruk, slik at dei kan vere gode ambassadørar for klubben.

Anbefalingar for cupdeltaking

I cupar skal ein ha fokus på det sosiale og samhaldet i gruppa. Deltaking i cupar skal leggje til rette for auka motivasjon og utvikling, både individuelt og kollektivt. Særleg for ungdomslaga er dette viktig, då mange i denne alderen fell frå.

Ein bør leggje opp til at kostnaden for deltakarane er tilnærma null gjennom dugnadsarbeid. Ein bør etterstreve felles overnatting frå 13 år og oppover, samt felles transport der dette er mogleg.

Barnefotball (opp til 10 år)

  • Deltek på lokale cupar som Etne cup, Ølen Kiwi Bama Cup, Vikeputten, Joker cup, Bavaria Cup og Regy cup
  • Me anbefaler ikkje overnatting ved cup i denne alderen

Barne og ungdomsfotball (11 til 13år)

  • Det blir anbefalt at laga deltek i regionale cupar som Etne cup, Bavaria Cup og Regy cup o.l, samt lokale cupar
  • I denne aldersgruppa kan ein også reise på ein cup som har konkurranse fra klubber utanfor vår region, gjerne med overnatting som til dømes Bø Cup og Fjordline Cup
  • Fokus på relasjonsbygging i tillegg til cupspelet.

Ungdomsfotball (14 til 19 år)

  • Det blir anbefalt at laga alltid deltek i 1–2 regionale cuper, men fokuset må vere tydeleg på å velje cupar som passar ferdigheitene til laget.
  • Eksempler på cupar er Norway Cup, Dana Cup, Vildbjerg Cup, Sør Cup og Lerum Cup