Anlegg i Etne 2035

Referat frå møte 13.april 2026

Det er søkt midler for følgande:

  • 9'erbane på Malabøen: Det er søkt om 2 millionar kroner frå Sparebanken Norge, og søknaden er til behandling. I tillegg er det søkt om 2 millionar kroner frå Sparebankstiftinga. Her vart det innvilga 1 million kroner som gåve, samt om lag 1,5 millionar kroner som rentefritt lån knytt til mva-kompensasjon.
  • Turnhall: Det er søkt om støtte til ei 20 % stilling i 12 månader for prosjektering og planlegging, frå Sparebanken Norge (ca 250 000 kroner).

Det er gjennomført eit kort møte med styret i Sparebankstiftinga. Dei var positive til initiativa og peika på at slike prosjekt er godt i tråd med føremåla deira. Samstundes informerte dei om at dei må forhalde seg til ei årleg ramme på 15 millionar kroner, fastsett av generalforsamlinga, men at det kan vere mogleg å søkje om meir. Avtale eit lengre møte mai/juni.

Det er ønskje om å starte opp prosjekta med 9-arbane på Oldenbøen og turnhall. Anleggsgruppa har i ein tidleg fase også fungert som prosjektgruppe for desse tiltaka, grunna søknadsfristar. Prosjekta er difor ikkje ferdig utforma, og det må etablerast eigne prosjektgrupper for vidare arbeid.

Det er venta å få på plass eit møte med Elagsfondet.

Neste møte blir mandag 4.mai kl 19.

Referat frå møte 17.mars og 7.april 2026

Status frå anleggsgruppa blei gitt i årsmøtet 26.mars (åpent møte etter årmøtet). Innspel som kom var:

  • Ønsker at det indikeres kva som er av driftsutgifter for dei forskjellige prosjekta
  • Ta med oppgradering av tribunen ved Stadion i prosjektet med ny løpebane på Stadion

For prosjekta 9'erbane på Malabøen og Turnhall, så må ein få kostnadsoverslag og tilbud for å nå søknadsfrist for prosjektmidler frå Sparebanken Norge som er 15.april 2026.

Anleggsgruppa ønsker å starte opp prosjekta med 9'arbane på Oldenbøen og Turnhall. Ein har difor bedt om estimat for kunstgras og lys på Oldenbøen frå henholdsvis Sport Surface og Helgevold Elektro.

Me har tatt kontakt og bedt om møte med sparebankstiftinga og elagsfondet.

Det ble diskutert å leige inn prosjektleder i ein mindre %-stilling for prosjektene som kommer, særlig for tekniske prosjekter som Turnhall og andre nye bygg.

Anleggsgruppa ønsker godkjenning frå hovedstyret om å søke prosjektmidler frå Sparebanken Norge, Sparebankstiftinga og elagsfondet.

Me har tatt kontakt og bedt om møte med oppvekstprosjekt.no og bedt om møte angåande forprosjekt, skisseprosjekt og visualisering av anlegga som det planlegges for - muligens også for kvalitetssikring.

Neste møte blir mandag 13.april kl 18.

Nytt frå møtet 18.februar og 3.mars 2026

Interessentar

Alle interessentar er kontakta.

Plan

Årsmøtet 26. mars kjem for tidleg. Dessutan er dette eit stort og viktig tema som fortener eit eige møte. Det vil difor bli kalla inn til eit ekstraordinært møte om anlegg. Det vil bli gitt ein status for arbeidet på årsmøtet.

Innspel

  • 6-hulls golfbane på Steinsvollen
  • Friidrettsanlegget på Etne Stadion
  • Fotballhall, 11-er på Engebøen

Vurderingar frå anleggsgruppa

  • Golf tett på E134 og NLF-område må vurderast
  • Ein bør vurdere behov og konsekvens av full friidrettsbane (Begrensninger som f.eks aldri kunne). Er det godt nok med oppgradering av løpebaner, lysanlegg, tidtakingsbod og eventuelt grop?
  • En 11’er hall vil være en langsiktig investering i aktivitet, bolyst og utvikling for hele bygda.

Skisser og visualiseringar

Det er dette me nå jobbar med, samen med forslag til prioriteringar og framdrift som skal leggjast fram for styret. Under er nokre døme på innspel, illustrert på ein amatørmessig måte viser korleis anlegga kan sjå ut.

Fotballhall på Engebøen
Turnhall på Skakke
Løpebane
Rackethall
Sosial sone
Svømmehall
Oldenbøen

Møte 20.janaur 2026

Interessentar

Gruppa har gått gjennom status for dialog med ulike interessentar.

Status:

  • Dialog med Idrettsrådet, Etne Cup, Fotball, Turn, Tennis, Handball, Karaten, Klatring, Etnemarknaden, Bondelaget og Båthavna er etablert.
  • Etne kommune og Sparebankstiftinga Etne er kontakta – vidare oppfølging avventar.
  • Skakke ønskjer møte.
  • Det er behov for å avklare kven som kan representere friidrett.

Kommunikasjon

Det er sendt e-post til interessentar.
Gruppa viser til forslag frå Andreas sendt til anleggsgruppa på e-post.

Plan

Planen er gjennomgått og revidert. Arbeidet går no vidare med å strukturere og konkretisere hovuddokumentet.

Gjennomgang av nye innspel

Etne Cup:

  • 9’ar bane på Malabøen (heilårsbane)
  • Sanitæranlegg på Malabøen (inkludert kiosk)

Innspel frå almennheita:

  • Alternativ plassering av turnhall på Ljoshall

Vurderingar frå Anleggsgruppa

Gruppa ønskjer å samle mest mogleg aktivitet rundt Skakke, som er eit naturleg og sentralt aktivitetsområde.

Andre moment frå vurderingane:

  • Eventuelle overskotsmassar kan nyttast til andre formål (t.d. turløype).
  • Padel bør vere innandørs.
  • Betongkvaliteten på Engeleiren-lagerbygget er vurdert som for dårleg til bruk.
  • Hall-/bygningsmasse frå NCC kan vere interessant for racketanlegg (squash/padel), men vil krevje ombygging.
  • Aktivitetspark kan vere overlappande med eksisterande tilbod (Skakkeringen).
  • Fotballhall og sanitæranlegg på kunsten bør vurderast samla.
  • Engebøen har rett arealføremål.
  • Kunstsnøanlegg på Opheim kan vere vanskeleg å prioritere då det ligg utanfor kommunegrensa.

Møte 8.januar 2026

Identifiserte interessenter

Interessent

Kommentar

Status

Etne Kommune

Andreas deler info

 

Idrettsrådet

Håvard deler info

 

Etne Cup

Bjørnar deler info

OK

Fotball

Håvard deler info

 

Turn

Krisitna deler info

OK

Tennis

 

OK

Håndball

Håvard deler info

 

E-lagsfondet

Andreas deler info

 

Sparebankstiftinga Etne

Bjørnar deler info

 

Etne BMX og Skatepark

Håvard deler info

 

Skakke

Bjørnar deler info

 

Karaten

Kristina deler info

 

Noen som kan snakke Friidrett sin sak?

Håvard deler info

 

Klatring

Håvard deler info

 

Etnemarknaden

Bjørnar deler info

 

Bondelaget

Bjørnar deler info

 

Båthavna

Kristina deler info

 

Plan

Gjennomgang av innspel

Tennis

  • Bygge inn eller bygge tak på ein eller begge banene. Ikke forventet prioritet
  • Padel

Turn

  • Turnhall. Enten påbygg til Skakkehallen eller bruk av eksisterande del av hallen

Epost fra almuen

  • Løpebane rundt Stadion
    • Oppgradere løpebanen
    • Lys på løpebanen
  • Squashbane
  • Padelbane
  • Lignande anlegg som Aktivitetsparken i Ølen (mellom Sjøperlo og senteret)
  • Dansesal for alle dansestilar inkl. ballettbarre (parkett)
  • Heilårs fotball 9er bane Oldenbøen
  • Nytt dekke på baner på skulen, skulebanen, 3 er baner ved kunsten og ballbinger
  • Fotballhall Engebanen
  • Sanitæranlegg med garderobene på kunsten
  • Symjehall
  • Kunstsnøanlegg på Opheim

Etne Cup

  • ..

Kommantarer frå anleggsgruppa

  • Masser til overs frå ein eventuell oppgradering bør kunne nyttast til andre ting som feks turløype
  • Padel bør være innendørs
  • Anleggsgruppa har snakka med fagfolk innen betong som meine at betongen på Engeleiren-lagerebygning er for dårlig til å kunne brukast
  • Haller og bygningmasse frå NCC (ligger til salgs) kan være interessant for rackethall (Squash/Padel). Vil kreve litt ombygging.
  • Aktivitetspark ala den i Ølen er kanskje godt nok dekka av Skakkeringen
  • Dansesal: Som innsendar er inne på må ein tenkje fleirbruk
  • Fotballhall og Sanitæranlegg på kunsten bør kombinerast
  • Engebøen har rett arealføremål
  • Kunstsnøanlegg på Opheim: Like nært for Etne som nabobygda. Kan bli vanskelig å prioritere fordi det ligger utenfor kommunegrensa

Deltakerar

  • Håvard Matre
  • Kristina Monsen
  • Andreas Grumheden
  • Bjørnar Aastvedt

Oktober 2025

Anleggsgruppa Etne IL – møtereferat

Dato: 16.10.2025
Ansvarleg: Håvard Matre
Neste møte: Januar 2026

Mandat

Arbeidsgruppa skal ta imot forslag til anlegg og utarbeide eit samla forslag til utviklingsplan for området til Etne Idrettslag og området rundt Skakke. Gruppa skal sikre brei representasjon frå laga i EIL (fotball, turn og tennis), og knyte til seg ressurspersonar med relevant kompetanse og engasjement.

Deltakarar

  • Håvard Matre (Fotball / Hovudstyret)
  • Andreas Grumheden (Tennis)
  • Bjørnar Aastvedt (Etne Cup)
  • Kristina Monsen (Turn)

Agenda og hovudpunkt

002 Form og farge

  • Kor ofte skal me møtast?
  • Korleis skal me kommunisera med omverda?
  • Skal me på anleggskonferanse?
  • Kva skal me benevne oss med?

Kommunikasjon: Fortrinnsvis artiklar under ei eiga hovudnode der me skriv om framdrift og seier noko om anleggsgruppa / prosjektet. Dette blir distribuert vidare via Facebook og Instagram.

003 Interessentar

  • Kva interessentar bør me snakke med?
  • Referanse: “AG-Interessenter – Interessenter (Rev: 1)”

004 Innspel

  • Kva innspel finst?
  • Oversiktsplan
  • Innspel til anleggsgruppa

005 Kommunikasjonsplan

Innhald blir lagt på etneil.no sine sider og distribuert gjennom:

  1. Facebook og Instagram (Meta Business)
  2. Rubic nyheiter
  3. Første artikkel + andre viktige saker blir også sendt på e-post til alle via Rubic

September 2025

Anleggsgruppa Etne IL – møtereferat

Dato: 09.09.2025
Tid: 19:30
Neste møte: 16.10.2025 kl. 19:30
Ansvarleg: Håvard Matre

Mandat

Anleggsgruppa skal ta imot forslag til anlegg og utarbeide eit samla forslag til utviklingsplan for området rundt Skakke og Etne Idrettslag. Gruppa skal sikre brei representasjon frå laga i EIL (fotball, turn og tennis), og knyte til seg ressurspersonar med relevant kompetanse og engasjement.

Deltakarar

  • Håvard Matre (Fotball / Hovudstyret)
  • Erling Bjarte Rullestad
  • Andreas Grumheden (Tennis)
  • Bjørnar Aastvedt (Etne Cup)
  • Kristina Monsen (Turn)

Sak 1 – Form og organisering

  • Arbeidstittel: Anlegg i Etne 2035
  • Jamlege møte i gruppa
  • Informasjon blir delt via nettside, samt Facebook og Instagram
  • Ikkje deltaking på anleggskonferanse i 2025 – planlagt for 2026

Sak 2 – Vidare framdrift

  1. Først gjennomføre dialog med relevante interessentar
  2. Deretter utarbeide ein overordna plan med grove estimat på kostnader, plassering, utforming og prioritering

Sak 3 – Interessentar

Det er utarbeidd ei oversikt over aktuelle interessentar, mellom anna: kommune, idrettsråd, fotball, turn, tennis, handball, klatring, Etne Cup, Skakke og andre relevante aktørar.

Sak 4 – Innspel og plan

Innspel til vidare utvikling og oversiktsplan vart gjennomgått. Dette vil bli vidareutvikla i komande møte.

August 2025

Gruppa vert danna og dei kaller inn til første kartleggingsmøte