Etne Idrettslag har sett ned ei eiga arbeidsgruppe for anlegg og utviklingsplan for området rundt Skakke og idrettsanlegga i Etne sentrum.
Gruppa har som mål å samla inn forslag, idéar og behov frå medlemmer og andre interessentar, og deretter utarbeida eit samla forslag til korleis området kan utviklast i åra framover. Arbeidet skal sikra ei heilskapleg plan for idrett, aktivitet og sambruk i bygda.
Arbeidsgruppa består Håvard Matre (fotball og hovudstyret), Bjørnar Aastvedt (Etne Cup), Kristina Monsen (turn) og Andreas Grumheden (tennis).
Arbeidet går under arbeidstittelen «Anlegg i Etne 2035». Målet er å skapa eit framtidsretta og inkluderande idrettsområde som kjem både barn, ungdom og vaksne til gode.
Etne IL ønskjer no invitera medlemmar og innbyggjarar til å kome med innspel.
Har du idéar, forslag eller tankar om korleis idrettsanlegga i Etne kan bli endå betre?
Send e-post til 👉 anleggsgruppa@etneil.no. Me vil gjerne høyra frå deg!