(Lenke til Etne Kommune infoside)
Fritidskortet er eit prosjekt for å inkludere fleire barn og unge i faste, organiserte fritidsaktivitetar.
Alle som fyller 11 til 15 år det aktuelle året får dekka ein viss sum til medlemskontingent og/eller eigenandel til cup, stemne og turnering.
På nettsida Aktiv-fritid.no kan lag og organisasjonar legge inn informasjon om arrangement og aktivitet.
(Lenke til Etne Kommune infoside)
Fritidskassa er ei ordning som sørger for at barn og unge skal kunna ta del i éin organisert fritidsaktivitet uavhengig av foreldra sin økonomi. Fritidskassa gjeld ikkje for kulturskulen.
Dette er ei behovsprøvd ordning som kan gje økonomisk støtte til deltakaravgift, utstyr og eigenandel til cup/leir/samling for barn og unge i alderen 0 – 24 år, og som bur i Etne kommune.
På nettsida Aktiv-fritid.no kan lag og organisasjonar legge inn informasjon om arrangement og aktivitet.