Grasrotandel

Støtt Etne Idrettslag med Grasrotandelen!

Visste du at du kan støtte Etne Idrettslag kvar gong du spelar hos Norsk Tipping – utan at det kostar deg noko ekstra?

Grasrotandelen gir deg moglegheita til å velje Etne Idrettslag som din grasrotmottakar. Då går 7 % av innsatsen din (utan at det påverkar eventuell premie) direkte til oss. Desse midlane gjer ein stor forskjell og hjelper oss å tilby gode idrettstilbod for alle aldersgrupper i lokalsamfunnet.

Kor mykje har me fått frå Grasrotandelen?

I 2024 fekk Etne Idrettslag heile 174 520 kr frå Grasrotandelen, takka vere våre fantastiske grasrotgivarar! Me har no 302 støttespelarar som bidreg, men me treng endå fleire for å oppretthalde og utvikle idrettslaget vårt vidare.

Slik blir du grasrotgivar

Det er enkelt å bli grasrotgivar til Etne Idrettslag:
Hos kommisjonær: Sei at du vil støtte Etne Idrettslag (Org.nr: 875457292).
På nett: Gå til Etne IL si grasrotside på Norsk Tipping
På mobil: Logg inn i Norsk Tipping-appen, finn Grasrotandelen og vel Etne Idrettslag som mottakar.

Kvart bidrag tel, og saman kan me styrke idrettstilbodet i Etne! 🙌

Takk for at du støttar oss! 💚⚽🏃‍♂️