Vedtekter for Etne Idrettslag

Etne Idrettslag

Adresse: Strondavegen 30, 5590 Etne

Organisasjonsnummer: 875457292

§ 1 Føremål

Laget sitt føremål er å fremja idrett og friluftsliv i sunne former gjennom samarbeid og kameratskap.

§ 2 Tilslutning

Laget er tilslutta Norges Idrettsforbund gjennom Hordaland Idrettskrins og dei sær-forbunda som årsmøta i laget gjer vedtak om å vera med i.

§ 3 Medlemmer

Dei som vil følgja lovene til laget og til overordna idrettssamskipnader, kan bli medlemmer i laget. Ved innmelding skal ein gje opp alder, bustad og yrke, og om ein har vore medlem i andre lag tilslutta Norges Idrettsforbund.

  • Alle nye medlemmer skal straks førast inn i styreprotokollen og i medlemsboka.
  • Ein person som ikkje har gjort opp sine skyldnader til eit anna lag, kan ikkje bli medlem.
  • Alle medlemmer skal halda lovene til laget og lover og vedtekter til dei overordna idrettssamskipnader laget er med i.
  • Ein medlem kan ikkje representera andre lag i idrettsgreiner som laget sjølv driv.

§ 4 Medlemspengar

Medlemspengane skal betalast på forskot. Årsmøtet fastset kvart år kor store dei skal vera og må passa på at dei står i forhold til kroneverdien. Medlemmer under 17 år betaler ein lågare kontingent.

  • Årsmøtet fastset røysterettsalder og minstealder for tillitsverv i laget.
  • Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, mister rettane sine.
  • Styret har høve til å setja ned eller fråfalla kontingent ved sjukdom, arbeidsløyse, militærteneste eller av andre rimelege grunnar.

§ 5 Årsmøtet

Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av mars og det skal kallast inn med minst 3 vekers varsel.

Årsmøtesaker:

  1. Årsmelding
  2. Revidert rekneskap
  3. Innkome framlegg
  4. Val av tillitsverv (formann, nestformann, sekretær, kasserar m.m.)
  5. Vedtak om idrettsgrupper

§ 6 Ekstraordinære Årsmøte

Ekstraordinære årsmøte skal haldast når styret gjer vedtak om det eller når minst ein tredjedel av dei røysteføre medlemmene krev det. Saklista skal kunngjerast minst 14 dagar før møtet.

§ 7 Medlemsmøte

Styret avgjer kor ofte og kva tid det skal haldast medlemsmøte.

§ 8 Styret

Laget skal leiast av eit styre samansett av: formann, nestformann, sekretær, kasserar og gruppeformenn i laget. For å vera vedtaksført, må eit fleirtal av styret vera til stades.

§ 9 Arbeidsområde for styret

  • Formannen: Har den daglege leiinga av laget, tilviser alle utbetalingar og leier møter.
  • Nestformannen: Tek over oppgåver når formannen er fråverande.
  • Sekretæren: Fører møtebok og tek vare på lagsarkivet.
  • Kasseraren: Fører rekneskap og medlemslister, og handterer økonomien.

§ 10 Gruppestyra

Dersom årsmøtet har gjort vedtak om å opprette grupper, skal kvar gruppe leiast av eit styre på minst tre medlemmer (formann, sekretær og materialforvaltar).

§ 11 Lovendringar

Endring i desse lovene kan berre gjerast på eit vanleg eller ekstraordinært årsmøte med minst to tredjedels fleirtal.

§ 12 Oppløysing

Oppløysing av laget krev vedtak på to påfølgjande årsmøter med minst to tredjedels fleirtal. Ved oppløysing skal lagets eiga overførast til Norges Idrettsforbund eller føremål godkjent av idrettsstyret.